Petal AS startar opp att med ny eigar

Petal AS med org nr 981946170 hadde ein vanskeleg periode frå seint 2015 og fram til sommaren 2016. Dette resulterte i at bedrifta gjekk konkurs 14.juli. 2016.

Sogn Bygg og Montasje AS (SBM) var raskt på bana og viste interesse for å kjøpa opp Petal AS. Etter litt tid i tenkeboksen var valet enkelt og i august 2016 vart kontrakten signert. Sogn Bygg og Montasje AS stifta nytt selskap Petal AS med org nr  817 662 862. Selskapet overtok driftstilbehøret og starta opp igjen produksjon 29.08.16.  Det nye selskapet har same namn som det som blei meldt konkurs, og bruk av namnet på nytt er avtalt med bustyrar og tidlegare eigarar. Våre kundar og leverandørar må likevel registrere namnet med ny kunde- eller leverandørkonto.

Sogn Bygg og Montasje AS ble etablert i 2003 og er lokalisert i Vik Kommune. Sogn Bygg og Montasje AS fokusera på leveranse av skreddarsydde industri/forretningsbygg, delentrepriser betong/stål/fasade innan industri/forretningsbygg og beslag fortrinnsvis i området Sogn og Fjordane/Hordaland (viser til www.sognbygg.no for meir informasjon). SBM tek med seg mykje relevant erfaring inn i Petal når dei no startar opp att drifta. Med på laget har me fått med nokre som har jobba ved Petal i mange år. Me ser fram til å læra av kvarandre og utvikla oss vidare.

Petal AS org nr 817 662 862 vil bli drevet som eit dotterselskap av Sogn Bygg og Montasje AS. Petal AS ynskjer å fortsette som ein av dei leiande leverandørane av skreddarsydde fasadeprodukt.  Vi vil også utvide våre leveransar på beslag/blikkenslagar-sida og tilby beslag i stål som ein del av vår produktportefølje. 

Vi ser frem til eit godt samarbeid med tidlegare og nye kundar samt våre leverandørar.

 

Eivind Midlang og Arnstein Grindedal