Dagleg leiar med ansvar for økonomi og rekneskap
Arbeidsstad: Vik i Sogn | Stilling: 50–100% | Moglegheit for delvis heimekontor
Petal AS og SBM AS er ein del av selskapsgruppa SBM Invest, som består av Petal AS, SBM AS, Vik Industrier AS og SBM Eigedom AS. Selskapsgruppa har hovudkontor i Vik i Sogn og leverer fasadeløysingar, produksjonstenester og entreprenørarbeid over heile landet. No søker me ein erfaren og engasjert leiar med solid økonomikompetanse som vil ta ein nøkkelrolle i vidare vekst. Me jobbar tett med dei største entreprenørselskapa i Noreg og Norden. Difor vil du få ei sentral rolle i samarbeid og forhandlingar med nøkkelaktørar i bransjen.
Dette er ei unik kombinasjonsstilling der du får:
Dagleg leiar-ansvar for både Petal AS og SBM AS, inkludert personal, drift og utvikling
Heilskapleg ansvar for rekneskap, økonomi og rapportering for selskapa i SBM Invest-selskapsgruppa
Ei sentral rolle i strukturbygging, utvikling og vidare vekst
Ei variert stilling der du jobbar tett på både produksjon, prosjekt og leiing
Du blir ein sentral fagperson – og eit viktig drivanker – i utviklinga av ei framoverlent industribedrift med nasjonalt nedslagsfelt.
Ansvarområde og arbeidsoppgåver:
Leiing og drift
Dagleg leiar for Petal AS og SBM AS
Overordna personal- og leiingsansvar
Oppfølging av drift, produksjon, sal og prosjekt
Utvikling av rutinar, struktur og gode arbeidsprosessar
Økonomi og rekneskap
Rekneskap frå A–Å, ferdig stilt for revisjon
Økonomioppfølging for Petal AS og SBM AS
Budsjett, likviditetsstyring, prognosar og analysar
Lønn, fakturering, bilagshandtering og administrativt arbeid
Sikre gode system, ryddige økonomiprosessar og god kontroll
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Du har:
Utdanning og/eller solid erfaring innan økonomi, rekneskap eller revisjon
Gjerne erfaring frå industri, bygg eller entreprenør (ikkje krav)
Leiarerfaring eller lyst til å ta steget inn i kombinert leiings-/økonomistilling
God systemforståing og evne til å skape struktur
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Som person:
jobbar sjølvstendig og tek ansvar
trivst med ein variert kvardag tett på både drift og leiing
er løysingsorientert, ryddig og framoverretta
Me tilbyr
Konkurransedyktig lønn
Gode forsikringsordningar, inkludert person- og helseforsikring
Gode pensjonsordningar + AFP
50–100% stilling, tilpassa etter kandidaten
Moglegheit for delvis heimekontor
Nødvendige kurs og opplæring innan lønn/økonomistyring
Ein trygg arbeidsplass i ei etablert selskapsgruppe i utvikling
Variert arbeidskvardag med stor påverknadskraft
Triveleg arbeidsmiljø
For spørsmål om stillinga, Eivind Midlang - 908 39 307 eller Arnstein Grindedal - 907 43 585
Søknadsfrist: 9. januar 2026
Søknad sendast til: post@petal.no
Send søknad til post@petal.no