SBM søker Montørar og bas/prosjektleiar
Er du SBM sin nye fasademontør eller bas/prosjektleiar?
SBM AS er eigd av SBM Invest AS og er ein del av eit konsern. SBM AS har i dag 11 tilsette, og har hovudkontor i Vik i Sogn. Våre prosjekter er i hovudsakleg på Vest- og Austlandet.
Me er på jakt etter positive, engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar som har lyst til å vere med SBM på laget.
Våre prosjekter er i hovudsak delentrepriser beståande av næringsbygg, offentlege bygg som sjukehus, helsebygg og industribygg. Me har spesialisert oss på fasademontering hovudsakleg i metall, men utfører og stål- og betongarbeid
Sjå vår heimeside www.sognbygg.no eller https://www.facebook.com/sognbygg for meir informasjon.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Bidra til god HMS og kvalitet på byggeplass
Moglegheit for arbeidsoppgåver innan ulike felt:
Fasademontering / byggrelatert montering
Blikk og metall
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Du har fagbrev eller erfaring frå tilsvarande prosjekter
Du har fokus på HMS og kvalitet
Du har god arbeidsmoral, gode kommunikasjonsevner, er løysingsorientert, pliktoppfyllande og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Førarkort Kl. B./BE
Lift og andre kurs innan bygg og anlegg er ein fordel, men ikkje eit krav
Me kan tilby:
Utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver
Fast arbeidskontrakt
Gode betingelsar innan lønn, pensjon og forsikring
Moglegheit for servicebil og firmatelefon
Turnus ordning, rotasjon /moglegheit for avpassering.
Dekka overnatting og diett ved reisejobb
Eit godt arbeidsmiljø.
Søknad sendast til post@sognbygg.no. Søknadsfrist 01.02.2026
For spørsmål kontakt Arnstein Grindedal: 90743585 / ag@sognbygg.no