Om oss

Petal AS har lang erfaring med produksjon av skreddarsydde metall fasader, og tilhøyrande beslag

Skreddarsaum

I nært samarbeid med arkitektar og entreprenørar utviklar vi metallfasader med fokus på individuell utforming og design. Kvar enkelt fasadeprosjekt er skreddarsydd i samarbeid med arkitekt og entreprenør. Vi vil vere med å realisere arkitekten og entreprenøren sine idear, visjonar og mål. Under Farger og overflater ser du bl.a. litt av moglegheitene for fargar.

Eigenutvikla produksjonsteknologi

Med ein eigenutvikla produksjonsteknologi sørgjer vi for bestandige og vedlikehaldsfrie fasadeløysingar. Teknologien er utvikla i samarbeid med SINTEF. Vår unike produksjon gjer fasaden og panela plane, stabile og lette. Våre system er enkle å montere og krever minimalt med vedlikehald.

Kva betyr Petal?

Petal er eit latinsk ord som betyr kronblad. Kronblada skal verne blomsterkjernen mot vêr og vind. Samstundes skal dei pryde blomsten, gjerne med sterke fargar, for slik å trekke til seg bier, sommarfuglar og humler, som igjen sørgjer for at blomsten kan forplante seg.

Historikk

  • 1986: Hydro Aluminium AS (vegsikring, skilt, fasade og himling)

  • 1997: Vik Fasade (fasade frå Hydro)

  • 2001: Norac (himling frå Hydro)

  • 2004: Vik Industrier AS (himling frå Norac og fasade frå Vik Fasade)

  • 2012: Petal AS (navneskifte frå Vik Industrier AS)

  • 2016: Petal AS får nye eigarar.

Les også:

-Sjå vår Profilhandbok